Odalen er ein del av dalføret Glåmdalen i Hedmark med elva Glåma i den sørlege delen og innsjøen Storsjøen i den nordlege delen. Dalen er fordelt på to kommunar: Sør-Odal kommune med kommunesenteret Skarnes og Nord-Odal kommune med kommunesenteret Sand (poststad Sagstua).
Nord for Storsjøen finst Odalsgranitten som er ein prekambrisk grunnfjellsbergart.[1]