Offiser (frå fransk officier av latin officium, 'teneste') viser til folk av ein viss rang innan ulike uniformerte organisasjonar, som militæretog ein del ideelle og frivillige organisasjonar og ombord på fartøy. Det kan også brukast om ein ordensgrad.
I Forsvaret er ein offiser ein befalingsmann med graden fenrik eller høgare. Ein skil mellom offiserar og meinige.
I sivil sjøfart og luftfart er ein offiser ein person i leiinga av fartøyet. Han har høgare utdanning og ei spesifikk sertifisering innanfor det området han arbeider.
Politiet og paramilitære organisasjonar i fleire land bruker nemninga «offiser» om medlemmer av ein viss rang.
Leiarar innan Frelsesarmeen blir kalla offiserar.