Oh No Not My Baby Singel av Maxine Brown frå albumet Spotlight on Maxine Brown | ||
B-side |
You Upset My Soul | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1964 | |
Studio | Bell Sound Studios New York, New York i USA | |
Sjanger | R&B | |
Lengd | 2:36 | |
Selskap | Wand Records | |
Komponist | Gerry Goffin, Carole King | |
Tekstforfattar | Gerry Goffin, Carole King | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Luther Dixon, Stan Greenberg |
«Oh No Not My Baby» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King.[1] Teksten skildrar korleis vener og familie igjen og igjen åtvarar songaren om at partnaren til songaren er utru.
Den første utgåva av «Oh No Not My Baby» vart gjeven ut av Maxine Brown, og ifølgje ho hadde songen først vore spelt inn av The Shirelles, men ikkje gjeve ut. Songen kom ut i september 1964 og låg sju veker inne på topp 40 på Billboard Hot 100 i desember 1964 - januar 1965 og nådde 24. plassen.[2] Songen vart sidan gjeven ut på det andre studioalbumet hennar, Spotlight on Maxine Brown, gjeve ut i 1965.
I 1973 gav Rod Stewart (i lag med Faces-bandmedlemmane Ron Wood, Kenny Jones og Ian McLagan) ut «Oh No Not My Baby». Han produserte versjonen sjølv og gav han ut på singel. Denne nådde sjetteplassen på den britiske singellista i september 1973 og sidan 59. plassen på både den amerikanske[3] og kanadiske singellista før året var omme. B-sida, tilskriven Faces, var «Jodie» skriven av Ron Wood, Rod Stewart og Ian McLagan.
Oh No Not My Baby Singel av Cher frå albumet Greatest Hits: 1965–1992 | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1992 | |
Innspelt | 1992 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:12 | |
Selskap | Geffen | |
Komponist | Gerry Goffin, Carole King | |
Tekstforfattar | Gerry Goffin, Carole King | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Peter Asher | |
Cher-kronologi | ||
«Could've Been You» (1992) |
Oh No Not My Baby | «Whenever You're Near» (1992)
|
I desember 1992 gav Cher ut «Oh No Not My Baby» som oppfølgjaren til den internasjonale hitten hennar «The Shoop Shoop Song (It's in His Kiss)» og produsert av Peter Asher. Songen vart ein moderat internasjonal hit tidleg i 1993. AllMusic-redaktøren J.F. Promis kalla versjonen hennar «dristig.»[4]
Liste (1992–93) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[5] | 30 |
Europa (European Hot 100 Singles)[6] | 87 |
Europeisk Adult Contemporary Top 25[7] | 4 |
Europeisk Hit Radio Top 40[8] | 14 |
Tyskland (Official German Charts)[9] | 52 |
Island (Íslenski Listinn Topp 40)[10] | 28 |
Polen (LP3)[11] | 18 |
Spania Top 40 Radio (Promusicae)[12] | 35 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[13] | 19 |
UK Singles (Official Charts Company)[14] | 33 |