Oh Shenandoah

«Shenandoah» framført av United States Air Force Band
The Trapper and his Family (1845) av Charles Deas syner ein reisande og den indianske kona og barna hans..

«Oh Shenandoah» (òg kalla berre «Shenandoah» eller «Across the Wide Missouri») er ein tradisjonell amerikansk folkesong av ukjent opphav, datert til tidleg på 1800-talet.

Songen verkar å ha oppstått hos kanadiske og amerikanske reisande eller pelshandlar som reiste ned Missourielva i kanoar, og har utvikla seg med fleire forskjellige tekstar. Nokre tekstar viser til oneidahøvdingen Shenandoah og ei kanofarande kjøpmann som ønskte å gifte seg med dottera hans. Midt på 1800-talet hadde songen blitt ein sjanti som vart sungen av sjømenn kring om verda.

Songen har nummer 324 i Roud Folk Song Index. Medlemmmar av Western Writers of America valde songen til ein av dei hundre beste western-songane gjennom tidene.[1]

Utvalde innspelingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Western Writers of America (2010). «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Arkivert frå originalen 10. august 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]