Ola Jonsmoen
|
|
Nasjonalitet |
Norsk
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
9. juli 1932 (92 år) Alvdal
|
Yrke |
Lærar, rektor
|
Periode |
1959-
|
Ektefelle |
Unni-Lise Jonsmoen
|
Debut |
Dagen, vinden og hjartet
|
Ola Jonsmoen (fødd 9. juli 1932 i Alvdal)[1] er ein norsk forfattar, lokalpolitikar og skolemann.
Han har gjeve ut fleire diktsamlingar, novellesamlingar, barnebøker, skodespel, skjemtebøker og romanar, fleire av bøkene er illustrerte av kona Unni-Lise Jonsmoen.
Han har skrive skodespela Ei fjellbygd (etter Nicolai Ramm Østgaards roman), Dei urolege av hjarte og Bak lengste mil; dei to siste oppførte i Tylldalsspelet i Tylldal.
Jonsmoen var i ei årrekkje rektor ved Holmen vg skole på Tynset. Han skriv på nynorsk.
Jonsmoen har representert Venstre i kommunestyret i Alvdal i to periodar frå 1963 til 1971. Han vart vald inn på ny i 1995 og i 1999. Frå 1999 til 2003 var han varaordførar. Han har vore ein framifrå talsmann spesielt i kulturspørsmål i kommunen, mellom anna som mangeårig medlem av Hovudutvalet for kultur og fritid, og av bygdeboknemnda. Han har også vore medlem av Norsk Språkråd, Norsk kulturråd, Norsk bibliotekråd og nestleiar i Statens seniorråd.
For sitt mangeårige virke i kommunens kulturliv fekk han og kona Unni-Lise Jonsmoen Einar Steimoeggens Minnediplom i 1992.
Ola Jonsmoen fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2002.
- Dagen, vinden og hjartet– dikt (1959)
- Singeling for rare ting– barnebok (1961) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Humle Brumle– barnedikt (1962) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Omvegar– dikt (1967)
- Timinan-Frikk og Peppar-Jon– barnebok (1968)
- Godnatt alle snille– barnebok (1969)
- Jonas ved Amasonas– barnedikt (1969)
- I Blåfugl kro– noveller (1970)
- Celle– dikt (1971)
- Da vi fekk ein bror– barnebok (1971)
- Luringar i sør og nord– barnebok (1971)
- Den døde er død– skuespill (1972)
- Om desse steinane tala– (1973)
- Morn, røvarungar– barnebok (1973) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Kabalmennesket– noveller (1974)
- Flaggermus i grisehus– barnebok (1974) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Liv i grenda– barnebok (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Fartsgrense null– viser og dikt for barn (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Fantasi og fakta– sakprosa, lærebok (1978) (saman med Atle Røhme)
- Farlig ferd for fire– barnebok (1978)
- Så glad at det kiler i foten– sangspel for barnekor (1978) (musikk ved Ellef Røe)
- Til bekken etter vatn– diktsamling (1979)
- Ei fjellbygd– musikkspel fritt etter Nicolai Ramm Østgaards En fjeldbygd – Billder fra Østerdalen (1979) (musikk ved Ellef Røe)
- Morgonmat og synnavind– kåseri (1980) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Ingen heltar i Snare-veien– barnebok (1981) (illustrert av Per Christiansen) / Bokmålsutgave Ingen helter i Snare-vegen (1980)
- Filister.. hunden?– novellesamling (1981) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Huset med alle vindauga– skuespill (1981)
- Dei urolege av hjarte– olsokspel (1983) (musikk av Ellef Røe)
- Endeleg min tur– barnebok (1984)
- Ut å sjå og heim og dans– dikt (1985)
- Middagshøgder– roman (1986)
- Billett båe vegar– noveller for barn og ungdom (1986)
- Utkanten midt i verda– (1988) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Endestasjonar– noveller (1990)
- Dreng. Hund og hann. Frå ein labradors liv– (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Flyktning i snøen– barnebok (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Sivil-Sara– billedbok (1993) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Skjoldlua. Kvardagsbruk og brukskunst– sakprosa (1993) (sammen med Unni-Lise Jonsmoen)
- Madeira-hanen– noveller (1994)
- Nordspor– roman (1995)
- Bikkjeredd– noveller for ungdom (1995)
- Den store møteboka– sakprosa (1997) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Langpoteta– sakprosa (1997) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Den nye sjukeboka– sakprosa (1998) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Høgder over havet– diktsamling (1999) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
- Boa struts– billedbok (2000) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Bak lengste mil– olsokspel (2001)
- Minneboka. Stutt versjon– sakprosa (2001) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Vinterbrann– noveller (2002)
- Meining som merkevare– essays (2003)
- Lommeboka– sakprosa (2003) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Den vesle bygdeboka– sakprosa (2003) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Sølverglans og andre noveller– novellesamling (2005)
- Skal vi synge eller slåss– epistler (2006)
- Ansiktsløfteboka. Eit kunnskapsløft for folk som vil forandre sin skjebne– sakprosa (2007) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Utkant i kant på kanten– scenetekstar (2007)
- Kentaur, men helst hest– dikt (2008)
- Johannes i sporet. Hysj, hysj!– barnebok (2009) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Den naturvenlege hageboka– sakprosa (2009) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Dagboka– sakprosa (2010) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Johannes til fjells. Sjå, sjå!– barnebok (2010) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Ekteskapsboka. Bruksanvisning.– småbok (2011) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Johannes og villreinen. Hør, hør!– barnebok (2011) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Johannes og nordlyset– barnebok (2012) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Betonggras– noveller (2012)
- Johannes og bjørnen– barnebok (2013) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Nesting– dramatikk (2013)
- Johannes i vinden– barnebok (2014) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Joggeboka– sakprosa (2014) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Ametyst– roman (2014)
- Johannes i snøen– barnebok (2015) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Hytteboka– sakprosa (2015) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Johannes i juli– barnebok (2016) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Den som baker brød har gode hender– noveller (2016)
- Gammal og god– sakprosa (2016) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
- Det står til liv– dikt (2017)
- Lystig låt og mindre gråt– viser (2019) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen, melodiar av Ellef Røe og Knut Stiklestad)
- Milla nordasno og synnavind. Undringar og ytringar.– essays (2019)
- Mann i blå dress– noveller (2019)
- Blåknute– roman (2020)