Olav Gullvåg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. desember 1885 Trondheim |
Død |
25. september 1961 (75 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, skodespelforfattar |
Politisk parti | Venstre |
Born | Ingemund Gullvåg |
Olav Gullvåg (31. desember 1885–25. september 1961) var ein norsk forfattar frå Trondheim.
Gullvåg sitt mest kjende verk er Spelet om Heilag Olav, eit sogespel, som vert spela kvart år på Stiklestad. Stykket byggjer på de tre eldre skodespela Natterast på Sul (1952), Føre slaget (1954) og Stiklestad (1960). Elles har Gullvåg skrive eit stort tal lettare skodespel med tanke på framføring i ungdomslag.
Av romanane er Det byrja ei jonsoknatt (1937) og framhaldet Kongens nåde (1939) mest kjende. Den dramatiske handlinga går føre seg i Telemark på 1700-talet, og har kjærleik på tvers av standsgrenser som sentralt tema. Romanserien er på ti bind, og vert avslutta med Levi Lenning og hans hus, 1959. Romanen Lagnads-natta (1956) er ikkje del av serien.Romanane vart tidleg omsett til ei lang rad språk.
Verk av Gullvåg er omsett til svensk, dansk, islandsk, engelsk, tysk, russisk, nederlandsk, fransk, tsjekkisk, ungarsk og latvisk. I 1938 vann han Melsom-prisen.