Ole Mørk Sandvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. mai 1875 Ringsaker kommune |
Død | |
Yrke | musikkforskar |
Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Far | Paul Knutsen Barstad Sandvik |
Ole Mørk Sandvik (9. mai 1875–5. august 1976) var ein norsk musikkforskar, folkemusikksamlar, lektor, cand.theol. og dr. philos.
Ole Mørk Sandvik vart fødd på Helgøya i Nes (no Ringsaker) i Hedmark som son av skoleinspektør Paul Knutsen Barstad Sandvik og Nikoline Petrine Mørk. Han vart gift 1906 med pianist Anna Margrethe («Nanna») Rønneberg Munthe-Kaas. Sandvik studerte teologi og tok embetseksamen i 1912, men gjekk sidan over til lærargjerninga og musikkforskinga. Han tok doktorgrad på avhandlinga «Norsk folkemusikk, særlig østlandsmusikken». Frå 1916 til 1945 underviste han i liturgi og kyrkjesong ved det praktisk-teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
Sandvik var sekretær for koralbokkomiteen frå 1923 til 1926. Som følgje av innsatsen hans, vart det teke inn rundt 40 norske folketonar i koralboka av 1926. Sandvik har òg gjeve ut skolesongbøker og musikkhistoriske verk.
(Eit utval)