One More Night Singel av Phil Collins frå albumet No Jacket Required | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve |
| |
Innspelt | 1984 | |
Studio | The Townhouse, London and Old Croft, Surrey | |
Sjanger | Softrock[2][3][4] | |
Lengd |
| |
Selskap | Virgin | |
Komponist | Phil Collins | |
Tekstforfattar | Phil Collins | |
Låtskrivar(ar) | Phil Collins | |
Produsent | ||
Phil Collins-kronologi | ||
«Easy Lover» (1984) |
One More Night | «Sussudio» (1985)
|
«One More Night» er ein song av Phil Collins frå det tredje albumet hans, No Jacket Required frå 1985. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet[5] Singelen vart òg gjeve ut på samlealbumet Hits i 1998 og Love Songs: A Compilation... Old and New i 2004. «One More Night» vart den andre singelen til Phil Collins som gjekk heilt til topps i USA,[6] etter «Against All Odds», og var den fjerde singelen hans som nådde Topp 10 i Storbritannia med ein fjerdeplass som høgaste plassering. Det var òg den første singelen hans som nådde toppen av adult contemporary-lista i USA.
Collins leika seg med trommemaskinen sin då han starta å sei refrenget på songen. Resten av songen vart skriven raskt.[7] B-sida til singelen i Storbritannia var «I Like the Way», medan USA fekk «The Man with the Horn».
Musikkvideoen til songen var regissert av Jim Yukich, der Collins spelar piano i ein bar. Han vart filma i ein pub eigd av Richard Branson i London (som videoen for Sussudio).
I 1990-åra nytta American Red Cross songen i ein reklame for naudsentera deira. Songen vert òg nytta i opninga av The Color of Money av Martin Scorsese frå 1986.
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[8] | 2 |
Canada (RPM)[9] | 1 |
Finland (Suomen virallinen lista)[10] | 18 |
Tyskland (Media Control Charts) | 10 |
Irland (IRMA)[11] | 4 |
Italia (FIMI)[12] | 18 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40) | 8 |
New Zealand (RIANZ) | 5 |
Polish Singles Chart[13] | 14 |
Sør-Afrika (Springbok)[14] | 21 |
Spania (AFYVE)[15] | 14 |
UK Singles (Official Charts Company) | 4 |
US Billboard Hot 100[16] | 1 |
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[17] | 1 |
US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks | 4 |
Zimbabwe (ZIMA)[18] | 4 |