One of the Survivors Singel av The Kinks frå albumet Preservation Act 1 | ||
B-side |
«Scrapheap City» | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. april 1973 | |
Innspelt | 9–10. mars 1973 at Konk Studios, Hornsey, North London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:31 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
The Kinks-kronologi | ||
«Celluloid Heroes» (1972) |
One of the Survivors | «Sitting in the Midday Sun» (1973)
|
«One of the Survivors» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks. Han kom ut i 1973 på konseptalbumet Preservation Act 1 og vart skriven av Ray Davies.
«One of the Survivors» handlar om rollefiguren Johnny Thunder, som hadde vore omtalt i den tidlegare songen «Johnny Thunder» på The Kinks Are the Village Green Preservation Society i 1968. Sidan den gongen vert Johnny Thunder no kalla «ein av dei overlevande», men har vorte noko «overvektig, og kinnskjegget byrjar å bli grått».
Songen har òg referansar til mange musikarar frå 1950-åra, som Jerry Lee Lewis, Dion and The Belmonts og Johnny and The Hurricanes, i tillegg til songar som «Hound Dog», «Blue Suede Shoes» og «Great Balls of Fire».
«One of the Survivors» vart først gjeven ut som singel i Amerika den 20. april 1973 med B-sida «Scrapheap City» (som seinare kom ut på Preservation Act 2). Singelen nådde 108. plassen på singellista.[1] Singelen kom ikkje ut i Storbritannia, men songen vart gjeven ut som B-side på «Sitting in the Midday Sun».
«One of the Survivors» kom òg ut på albumet Preservation Act 1 i juni 1973.