Only the Lonely (Know the Way I Feel) Singel av Roy Orbison frå albumet Lonely and Blue | ||
B-side |
«Here Comes That Song Again» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1960 | |
Innspelt | 1960 | |
Sjanger | Rockabilly | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap | Monument Records 45-421 | |
Komponist | Roy Orbison, Joe Melson | |
Tekstforfattar | Roy Orbison, Joe Melson | |
Låtskrivar(ar) | Roy Orbison, Joe Melson | |
Produsent | Fred Foster | |
Roy Orbison-kronologi | ||
«Up Town» (1959) |
Only the Lonely (Know the Way I Feel) | «Blue Angel» (1960)
|
«Only the Lonely (Know the Way I Feel)» er ein song frå 1960 skriven av Roy Orbison og Joe Melson.[1] Innspelinga var produsert av Fred Foster for Monument Records og vart den første store hitten for Orbison. Som ein operaaktig rockeballade, vart det ein stil ein ikkje hadde høyrt tidlegare, utanom for «It's Now or Never» av Elvis Presley. Songen vert rekna som særs viktig for utviklinga av rock and roll.
Han vart gjeven ut som singel på Monument Records i mai 1960, og nådde andreplassen på Billboard-lista i USA den 25. juli 1960 (berre stoppa av Brenda Lee sin «I'm Sorry») og 14. plassen på R&B-lista til Billboard.[2] «Only the Lonely» nådde førsteplassen i Storbritannia den 20. oktober 1960, og låg der i to veker. I alt låg han 24 veker inne på den britiske singellista frå 28. juli 1960.[3] I Noreg nådde songen fjerdeplassen på VG-lista.
Musikarane på innspelinga var dei faste studiomusikarane til Orbison med Buddy Harman på trommer, Floyd Cramer på piano og Bob Moore på bass med Hank Garland og Harold Bradley på gitar.
I 1999 vart «Only the Lonely» plassert i Grammy Hall of Fame Award. I 2004 vart songen rangert på 232. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista til Rolling Stone i 2010 låg songen på 234. plassen.[4]
There goes my baby, there goes my heart
Roy Orbison (1960)
|
I 1969 spelte countrysongaren Sonny James inn songen og nådde toppen av country-lista til Billboard i USA.[5] Chris Isaak har òg spelt ein versjon av songen.
Einar Jemtland, Arne T. Elgesem, A. Epaas, Viggo Sandvik Hansen og Eldar Vågan og T. Sæther har skrive norske tekstar til songen. Jemtland og Sæther sine versjonar har tittelen «Den som er ensom». Elgesem sin versjon heiter «Anne-Susanne». Epaas sin versjon heiter «En som er ensom». Sandvik Hansen og Vågan sin versjon heter «Aunli & Aunli».
År | Songtittel | Albumtittel | Artist | Tekstforfatter | Platetype | Platemerke og katalognummer |
---|---|---|---|---|---|---|
1974 | «Den som er ensom» | For aill' pængan | Gluntan | Einar Jemtland | LP | Odeon 7E 062-39060 |
1978 | «Anne-Susanne» | Svenn-Erik Fjeldberg | Arne T. Elgesem | Singel | Polydor 2052 158 | |
1978 | «En som er ensom» | Countryfest 3 | Lillian Askeland | A. Epaas | LP | Talent TLS 3046 |
1987 | «Aunli & Aunli» | Gå for gull! | Vazelina Bilopphøggers | Viggo Sandvik Hansen Eldar Vågan |
LP | Slagerfabrikken/Opal SLP 99008 |
CD | Slagerfabrikken/Opal SCD 99008 | |||||
1991 | «Den som er ensom» | Midt i trafikken | Fryd & Gammen | T. Sæther | CD | GP GPCD 191 |
235: «We Gotta Get Out of This Place» The Animals |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 234 «Only the Lonely» Roy Orbison |
233: «Sexual Healing» Marvin Gaye |