Ophrys fuciflora | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Ophrys | ||
Art: | O. fuciflora | ||
Vitskapleg namn | |||
Ophrys fuciflora
(F.W.Schmidt) Moench
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik eng | ||
Utbreiing: | Europa |
Ophrys fuciflora er ei plante i flugeblomslekta Ophrys i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.
Arten er av somme kjelder skildra som O. holosericea.[1][2][3]
O. fuciflora (engelsk namn late spider orchid) lever på Dei britiske øyane berre heilt søraust i England.[4] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[5] til liks med lokalt i England.[6]
Arten er registrert frå Estland med eit herbariebelegg, men det er uvisst om dette verkeleg skriv seg frå Estland. I så fall er arten rekna som regionalt utdøydd (RE).[7]
I Benelux er arten (nederlandsk namn hommelorchis, fransk namn ophrys bourdon) ikkje registrert med nylige funn i Nederland. I Belgia finst han truleg heller ikkje i Flandern, men i Vallonia har han nokre få funnstader i Ardennane og [Maas]]-området.[8][9] Arten er ikkje oppført i den nederlandske raudlista. I Belgia er han heller ikkje i på raudlista i Flandern, men er rekna som sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[10][11] I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).[12]
I England er det påvist at Ophrys fuciflora kan danne hybridar med biblom (Ophrys apifera × fuciflora eller Ophrys ×albertiana)[13] og med Ophrys sphegodes (Ophrys fuciflora × sphegodes eller Ophrys ×arachnitiformis).[14] Båe er registrerte i Kent.[4]