Oryza rufipogon | |
Oryza rufipogon | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Oryza rufipogon | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Underfamilie: | Oryzoideae |
Stamme: | Oryzeae |
Slekt: | Oryza |
Art: | O. rufipogon |
Vitskapleg namn | |
Oryza rufipogon |
Oryza rufipogon er ein villrisart i risslekta Oryza. Han er nært i slekt med vanleg dyrka ris, Oryza sativa, og er truleg opphavet til den domestiserte arten.[1] Planten veks naturleg i tropisk Asia og Australia. Han føretrekk våte, grunne område som dammar, grøfter og rismarker med stilleståande eller seintrennane vatn.[2]
Oryza rufipogon veks gjerne saman med dyrka ris på rismarker, og er rekna som eit ugras. I delar av USA er han rekna som ein invasiv art.[3] I følgje North American Plant Protection Association er det vanskeleg å skilja ut O. rufipogon frå dyrka O. sativa. Planten konkurrerer om plassen og næringa med den dyrka risen. O. rufipogon mister dei fleste frøa sine før hausting, og bidreg dermed ikkje til avlinga. Dersom korna likevel blir del av avlinga blir dei sett på som uetande, farga partiklar i den elless kvite risen.[4]
På den andre sida har O. rufipogon arvemateriale som er rekna som verdifullt innan genetikk. Villris frå våtmarksområdet Pallikaranai i India er blitt omtalt av Sálim Ali Centre for Ornithology and Natural History (SACON) som viktkige levande genetiske ressursar.[5]