Oskar Øksnes | |||
Fødd | 11. april 1921 Steinkjer kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 27. mars 1999 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Oskar Ingemann Øksnes (fødd 11. april 1921 i Kvam i Nord-Trøndelag, død 27. mars 1999) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.
Oskar Øksnes var statsråd og sjef for landbruksdepartementet (landbruksminister) i Odvar Nordli si regjering 25. januar 1976 - 4. februar 1981, og deretter i regjeringa Brundtland I 4. februar til 14. oktober 1981.
Øksnes vart i 1972 leiar for Øksnes-utvalet som som i 1974 kom med utgreiinga «Støtteordninger i jordbruket», som danna mykje av grunnlaget for det såkalla jamstillingsvedtaket som Stortinget vedtok i 1975: Å jamstille bøndenes sine inntekter med gjennomsnittleg industriarbeidarløn. I 1976 vart Oskar Øksnes landbruksminister. Dermed fekk han ansvaret for å gjennomføre jamstillingsvedtaket.
Øksnes var utdanna sivilagronom frå Norges Landbrukshøgskole og arbeidde som driftsagronom i Nord-Trøndelag frå 1948 til 1955. Han hadde òg eit spesialoppdrag i Landbruksdepartementet i 1952–1953. Seinare vart han fylkesagronom i Nord-Trøndelag fram til 1963, før han flytta til Molde og vart fylkeslandbrukssjef i Møre og Romsdal. Han var statssekretær i Landbruksdepartementet i perioden 1964–1965. Han vart fylkeslandbrukssjef i Nord-Trøndelag i 1975 – ei stilling han hadde fram til 1986, avbrote av perioden som landbruksminister i åra 1976-1981.
Øksnes vart i 1987 slått til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.