Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Oslo tingrett | |||
| |||
Hovudkontor | Oslo tinghus | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://www.domstol.no/oslo |
Oslo tingrett er tingretten i Oslo med lokale i Oslo tinghus. Rettskretsen omfattar Oslo kommune og fagkretsen omfattar alle sivile tvistemål og straffesaker. Sorenskrivar i tingretten er (2018) Geir Engebretsen. Ankedomstolen er Borgarting lagmannsrett.
Oslo tingrett er den største domstolen i Noreg. Her vert omtrent ein femtedel av alle sivile tvistemål og straffesaker i landet handsama. Tingretten er delt i åtte rettsavdelingar med avdelingsleiarar, i tillegg er den ei administrasjonsavdeling med direktør. I 2009 vart det handsama over 10 800 saker. Dette fordeler seg på 3 110 straffesaker (meddomsrett), 5 034 einedommarsaker og 2 661 sivile saker. I 2011 hadde Oslo tingrett ei bemanning på omtrent 200 årsverk, her omtrent 72 dommarar og 21 dommarfullmektigar og 85 saksarbeidarar.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |