Ottar Brox | |||
Fødd | 30. august 1932 Torsken | ||
---|---|---|---|
Død | 16. februar 2024 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | politikar, sosiolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Alma mater | Norges landbrukshøgskole | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Ottar Brox (30. august 1932–16. februar 2024) var ein norsk samfunnsforskar og politikar for Sosialistisk Venstreparti, fødd i Torsken.[1] Han var professor i sosiologi ved UiT 1972-1984 og stortingsrepresentant for Troms 1973-1977.[2] Brox blir også rekna som ein av føregangsfolk bak opprettinga av Universitetet i Tromsø.[3]
Ottar Brox studerte ved Troms landbruksskole i 1948-1949 og blei utdanna sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskole i 1957.[4]
Brox er kjend for boka Hva skjer i Nord-Norge? frå 1966. Denne boka vart inspirasjonskjelde for nordnorsk regionalisme og oppvurdering av sjarkfisket si økonomiske betydning. Temaet i denne boka vart i 1984 vidareført i boka Nord-Norge: Fra allmenning til koloni.
Brox var professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø frå 1972 til 1984, seinare professor II, mens han var forskingsleiar ved Norsk institutt for by- og regionforskning.
Brox var stortingsrepresentant for SV for Troms i perioden 1973–1977. Han har skrive mange populærfaglege bøker og artiklar, og vore aktiv i den offentlege debatten.