Otti Berger | |
Statsborgarskap | Austerrike-Ungarn |
Fødd | 4. oktober 1898 Osijek-Baranja, Zmajevac, Kneževi Vinogradi |
Død |
27. april 1944 (45 år) |
Yrke | tekstilkunstnar, vevar, kunstnar, tekstildesigner |
Otti Berger på Commons |
Otti Berger (fødd Otilija Ester Berger, 4. oktober 1898–27. april 1944) var ein ungarsk-jugoslavisk tekstilkunstnar av jødisk opphav. Ho utdanna seg ved Bauhaus i perioden 1927–1930 og var deretter verksam som lærar der i 1931–1932.[1] Dei seinare åra hennar var sterkt påverka av den antijødiske politikken til naziregimet. Ho blei drepen i 1944 i Auschwitz under holocaust.
Otti Berger blei fødd i 1898 i novarande Zmajevac i Kroatia. Då ho blei fødd var Zmajevac ein del av Baranya-regionen i Austerrike-Ungarn og var kjend som Vörösmart. Den jødiske familien hennar fekk bu- og religionsfridom under keisar Franz Joseph I. På grunn av heimstaden sin overgang frå Austerrike-Ungarn til Jugoslavia i 1918, og seinare Kroatia, er nasjonaliteten til Berger ofte framstilt feil. Sjølv om Berger hadde ungersk som morsmål, snakka ho òg flytande tysk. På grunn av ein sjukdom leid Berger av delvis høyrsletap, noko som skal ha forhøga eller forsterka rørslesansen hennar.[2]
Berger fullførte grunnutdanninga si i Wien før ho blei student ved det kongelege akademiet for kunst og handverk i Zagreb. Ho heldt fram med studiane sine i Zagreb fram til 1926 før ho drog til Bauhaus i Dessau i Tyskland.[3] Der studerte Berger blant anna under László Moholy-Nagy, Paul Klee og Vasilij Kandinskij. Berger er blitt skildra som ein av dei mest talentrike studentane på veveverkstaden i Dessau.[4]
Berge var eit grunnleggjande medlem bak den eksperimentelle tilnærminga til tekstilar ved Bauhaus.[6] Ho eksperimenterte med metodikk og materiale under studiane sine på Bauhaus for til slutt å inkludera plasttekstilar tenkt for masseproduksjon.[7] Saman med Anni Albers og Gunta Stölzl pressa Berger tilbake mot forståinga av tekstilar som eit kvinneleg handverk, og nytta retorikk brukt i fotografering og måling for å skildra arbeidet sitt.[6] I løpet av tida i Dessau skreiv ho òg ei avhandling om stoff og metodikken for tekstilproduksjon, som blei verande hjå Walter Gropius og aldri blei publisert.[7]
I 1929 var Berger elev ved Praktiska Vävnadsskolan i Stockholm der ho skreiv ei ni sider lang avhandling om svensk veveteknikk kalla Schwedische Bindingsleire, som seinare påverka den utgjevne vevelæreboka hennar Bindungslehre.[8] Etter å ha avslutta kurset i Stockholm drog Berger til Noreg sommaren 1929, og blei intervjua av Bergens Tidende 18 juli 1929. Ho nemnde at ho syntest dei tradisjonstekstilar frå Sognefjorden og Hardanger var svært vakre, og ville vera til inspirasjon for hennar eigne vevnadar.[9] Berger vitja tekstilavdelinga til Bergen Museum og Vestlandske Kunstindustrimuseum. Ho møtte også morfaren sin Max Krausz, ein typograf, redaktør og sosialist som hadde flytta til Bergen i 1879.[9]
I 1931 blei Berger den nye leiaren for veving ved Bauhaus etter råd frå Stolzl, som hadde sagt frå seg stillinga. Ho byrja å laga sin eigen læreplan og var mentor for yngre Bauhaus-studentar som heldt fram med Bauhaus-metodar, som den Paris-baserte vevaren Zsuzsa Markos-Ney og Etel Fodor-Mittag, som blei ein handvevar i Sør-Afrika.[3][7] Stillinga blei likevel kortvarig, sidan ho blei erstatta i 1932 av Lilly Reich, partnaren til den nye Bauhaus-direktøren Ludwig Mies van der Rohe.[2]
Då Bauhaus blei stengd av dei tyske styresmaktene i 1933, opna Berger sitt eige tekstildesignstudio, otti berger atelier für textilien, frå leilegheita si i Berlin med vevstolar ho hadde kjøpt frå vevarverkstaden på skulen.[2] Ho hadde som mål å produsere tekstilar til bruk i industrien. Ho sikra seg kontraktar med fleire designfirma, inkludert Wohnbedarf AG, eit svensk designfirma, og arbeidde med produsentane C.F. Baumgärtel & Sohn, Schriever og Websky og Hartmann og Wiesen.[10] Ho laga slitesterke stoff til bil-, tog-, og flyindustrien, i materiale som kunstsilke, ull og ramie (neslefiber). Ofte let ho fibrane flyte over fleire vevetrådar, noko som gav tekstilane særskild struktur og skinn. Ho stod også bak nyskapande lysreflekterande og lydabsorberande tekstilar.[9] Den modernistiske designeren Alvar Aalto nytta tekstilar av Berger til fleire av møblane sine.[9]
Berger var interessert i å vera kjend som skaparen av sine eige verk og laga seg eit namn som designer av vovne tekstilar, noko som er uvanleg innan industriell tekstilproduksjon. Ho gjekk så langt som å byrja å underteikna dei vovne verka sine med initialane sine i små bokstaver, «o.b.» I 1932, medan ho arbeidde med design for Wohnbedarf AG, søkte Berger etter anerkjenning i frykt for at arbeidet hennar skulle bli anonymt i det store designfirmaet. Ho bad om at prototypane hennar skulle knyttast til namnet «Otti Berger-Stoffe», og dette blei godkjent av Wohnbedarf.[10]
Berger søkte også etter patent på nokre av stoffa sine. Ho var den einaste vevaren frå Bauhaus som søkte om patent på designa sine. Sjølv om ho prøvde å patentera tre av oppfinningane sine, fekk ho berre to patent - eit i Tyskland i 1934 og det andre i London i 1937.[10]
Under det tyske nazistyret fekk ikkje Berger lov til å arbeida i Tyskland på grunn av dei jødiske røtene sine, og ho avvikla verksemda si i 1936.[11] Ho flykta til London i 1937, der ho kunne forsørgja seg med sporadiske designkontraktar, inkludert arbeid med Helios Ltd og Marianne Straub.[8][11] Den dårlege høyrsla hennar og språkbarrieren gjorde likevel livet hennar i England vanskeleg. I eit brev til ein ven skrev Berger: «Engelskmenn er svært reserverte. Eg trur det vil ta ti år før ein har ein sirkel av venar. Eg er alltid åleine og har det vanskeleg fordi eg ikkje kan engelsk og ikkje kan høyra.»[8]
Berge prøvde i fleire år å emigrere til USA for å arbeida med Ludwig Hilberseimer, som ho var trulova med, og andre Bauhaus-professorar.[12][3] László Moholy-Nagy hadde tilbode henne ei stilling som leiar for veving på New Bauhaus i Chicago, men ho kom aldri dit. Ho skreiv til Naum Gabo, Walter Gropius og andre venar i forsøk på å få eit lærarvisum i 1937, men lukkast ikkje.[10] På grunn av den politiske situasjonen i England då krigen nærma seg, auka Berger sin avsky for England.[8] Trass i råd frå nære venar vende Berger tilbake til heimstaden Zmajevac i 1938 for å hjelpa familien med den dårlege helsa til mor si.[3] Då ho endeleg fekk innvilga amerikansk visum i 1941, nekta dei jugoslaviske styresmaktene å fornya passet hennar.[9] Etter å ha vore saman med familien i fleire år, blei Berger deportert saman med broren, halvbroren og kona hans til ein fangeleir i Mohács i april 1944. Kort tid etter, i mai 1944, blei dei overførte til konsentrasjonsleiren Auschwitz. Berre broren til Berger, Otto, overlevde. Han spekulerte i at systera kunne ha blitt drepen i gasskammer på grunn av den manglande høyrsla si.[8]
Virket til Otti Berger hadde innverknad over heile Europa på grunn av ulike patent på designa hennar. Ho fekk verka sine publiserte i magasin som Der Konfektionar, det nederlandske fleirspråklege magasinet International Textiles, det svenske magasinet Spectrum og magasinet Domus. Otti Berger samarbeidde med det nederlandske vevefirmaet De Ploeg der designa hennar blei selde til møbelfabrikkar som produserte stoff for stormagasina De Bijenkorf og Metz and Co.[8]
I 1933 gav Berger ut Rätta stoffer på rätt plats, som fekk mange svenske designarar til å tenkja om designa sine for interiørtekstilar slik at dei møtte etterspurnaden og krava i samtida.[8]
Verk av Berger er blitt viste på museum internasjonalt, som Busch-Reisinger Museum ved Harvard, Metropolitan Museum of Art og Ludwig Hilberseimer-samlinga ved Art Institute of Chicago.[8]