Over My Head Singel av Fleetwood Mac frå albumet Fleetwood Mac | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | September 1975 (USA) / februar 1976 (UK) | |
Innspelt | Februar 1975 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:38 (album), 3:09 (singel) | |
Selskap | Reprise | |
Låtskrivar(ar) | Christine McVie | |
Produsent | Fleetwood Mac, Keith Olsen | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Warm Ways» (1975) |
Over My Head | «Rhiannon» (1976)
|
«Over My Head» er ein softrocksong framført av det engelsk-amerikanske bandet Fleetwood Mac. Songen vart skriven av klaverspelaren og songaren Christine McVie. I september 1975 vart «Over My Head» gjeven ut som den første singelen frå albumet Fleetwood Mac. Han vart den første songen til bandet som fekk hit-status i USA og nådde 20. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1976. Suksessen var medverkande til at albumet etter kvart selde åtte millionar eksemplar.[1]
McVie har sagt at ho skreiv songen på eit berbart Hohner elektrisk piano i ein liten leilegheit i Malibu i California, der ho og den dåverande ektemannen, John McVie (bassisten i Fleetwood Mac), budde etter konsertturneen for å marknadsføre det førre albumet, Heroes Are Hard to Find, var over.[2] Teksten til songen verkar å referere til problema i ekteskapet deira, som enda med skilsmisse i 1976.[3]
Singelversjonen av songen vart miksa på ny i ein forkorta versjon som ganske forskjellig frå albumversjonen. Denne versjonen skil seg frå ein brå start (albumversjonen vart tona inn), høgare gitarklimpring i refrenga og mindre vokalarbeid. I tillegg vart singelversjonen tona ut under før albumversjonen. I tillegg er singelversjonen miksa i mykje smalare stereo (nesten mono). Det er denne singelversjonen som finst på samlealbumet The Very Best of Fleetwood Mac. Singelversjonen vart songen finst òg som bonusspor på CD-utgåva frå 2004 av Fleetwood Mac.