Ozias Leduc | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 8. oktober 1864 Mont-Saint-Hilaire |
Død |
16. juni 1955 (90 år) |
Yrke | kunstmålar |
Medlem av | Royal Canadian Academy of Arts |
Ozias Leduc på Commons |
Ozias Leduc (8. oktober 1864–16. juni 1955) var ein kanadisk kunstnar som var ein av dei tidlege målarane i Quebec. Han måla hovudsakleg portrett, stilleben og landskap, i tillegg til religiøse arbeid.
Leduc var fødd i Saint-Hilaire-de-Rouville, i dag Mont-Saint-Hilaire i Montérégie i Quebec. Han var son av ein snikkar og var del av ein syskenflokk på 10.
Leduc var hovudsakleg sjølvlært som målar. Rundt 1880 arbeidde han med ein italiensk målar, Luigi Cappello, på kyrkjedekorasjonar. Rundt 1881, blei han tilsett ved Carli, ein statuemakar i Montreal. Rundt 1883 arbeidde han saman med Adolphe Rho for å dekorera ei anna kyrkje, denne i Yamachiche. Etter dette byrja han å arbeida åleine på kyrkjedekorasjonar.
I 1897 vitja Leduc Paris og London på ein kort tur saman med Marc-Aurèle de Foy Suzor-Coté. Her blei han påverka av impresjonismen og kanskje endå meir av symbolismen.
I heimbyen levde Leduc eit tilbaketrekt liv, og blei kalla vismannen i St-Hilaire.[a] Men han var slett ikkje avskoren frå den fransk-kanadiske intelligentsiæn, og hadde kontakt med forfattarar som Arsène Bessette, Guy Delahaye, Olivier Maurault, Ernest Choquette, Rodolphe Duguay, Albert Tessier, diktarar som Marcel Dugas, Léo-Paul Morin, René Chopin og Robert de Roquebrune, arkitektane Louis-Napoléon Audet og Ernest Cormier og politikarane Louis-Philippe Brodeur og Philippe-Auguste Choquette[1]
Han blei tildelt eit æresdoktoat frå Université de Montréal i 1938. Han blei også medlem av Royal Canadian Academy of Arts.[2] Han var ein lærar for kunsntarane Paul-Émile Borduas og Gabrielle Messier.
Ozias Leduc døydde i Saint-Hyacinthe i 1955.
Gjennom karrieren sin dekorerte Leduc over 30 kyrkjer og kapell i Quebec. Han er best kjend for dekorasjonsarbeidet sitt i kyrkja Notre-Dame-de-la-Présentation i Shawinigan, eit prosjekt det tok han tretten år å fullføra.[3]
Leduc tok også fleire portrettoppdrag, mellom anna for familien Choquette, som han laga 3 måleri for med inspirasjon frå det landlege landskapet i Montérégie.[4] Landskapsmåleria hans frå 1913-1921, særleg Cumulus bleu, Fin de journée, Effet gris (neige), Pommes vertes, Neige dorée og L'Heure mauve, og teikningar i serien Imaginations (1936-1942), er rekna som nokre av dei viktigaste frå karrieren hans.[3]
Etter at han døydde er berka hans blei stilte ut fleire gonger ved galleriet L'Art français.[5]
20. mai 1988 gav Canada Post ut frimerket The Young Reader, Ozias Leduc, 1894 i serien Masterpieces of Canadian art. Frimerket var utforma av Pierre-Yves Pelletier etter måleriet The Young Student (1894) av Leduc. Måleriet viser Ozias Leduc sin yngre bror som sit over ei bok med ein blyant i handa.[6]
Kyrkja Notre-Dame-de-la-Présentation i Shawinigan blei utnemnd til eit nasjonalt kulturminne (National Historic Site of Canada) i 2004.[7][8]