Palikí Lokalt namn Παλική | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Dei joniske øyane |
Koordinatar | 38°18′N 20°25′E / 38.300°N 20.417°E
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune |
Dei joniske øyane Kefaloniá Lixoúri |
Hovudsete | Lixoúri (3 549 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 6 989 (2021[1])
|
Palikí (gresk Παλική) er ei halvøy og ein tidlegare kommune heilt vest på øya Kefaloniá i periferieininga Kefaloniá i periferien Dei joniske øyane i Hellas. Fram til 2011 var Palikí eigen kommune, men vart då ei kommunaleining i kommunen Kefaloniá.[2] Frå 2019 vart storkommunen delt opp att, og området vart eigen kommune, men no med namnet Lixoúri.[3]