Panakhaikó Παναχαϊκό | |||
fjell | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Område | Akhaía | ||
Høgd | 1 926 moh. | ||
Koordinatar | 38°12′38″N 22°48′23″E / 38.21056°N 22.80639°E | ||
Panakhaikó 38°12′09″N 21°52′08″E / 38.2025°N 21.868888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Panachaiko Mountain |
Panakhaikó (gresk Παναχαϊκό), òg skrive Panachaicus, Panakhaikos eller Panahaiko, er eit fjell i periferieininga Akhaía i Hellas. I mellomalderen vart fjellet kalla Vodiás (Βοδιάς). Det strekker seg 20 km frå nord til sør (frå Glávkos til Psathópyrgos) og 15-20 km frå aust til vest (frå aust for Pátra til vest for Selianítika). Det er det nordlegaste fjellet på Peloponnes. Det høgaste punktet er 1 926 moh. På fjellet ligg det eit skisenter og to kommunikasjonstårn. Snø er vanleg i områda over 1 000 meter.
Ein gamal akropolis låg på ein av dei høgaste toppane på Panakhaikó.