Per Kleiva | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. april 1933 Torsken |
Død |
17. september 2017 (84 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar |
Språk | norsk |
Far | Ivar Kleiva |
Ektefelle | Ida Drage |
Per Kleiva (1. april 1933–17. september 2017)[1] var ein norsk biletkunstnar som arbeidde mest med måleri og grafikk. Han er særleg kjend for måleria sine i op- og pop-kunst stil og for dei grafiske blada gjort i silketrykk i tida han var tilknytt kunstnarkollektivet GRAS. Han var ein av dei leiande politisk engasjerte kunstnarane på 1960- og 70-talet.
Per Kleiva var fødd i Torsken kommune som son til Ivar Kleiva.[2] Han voks opp i Troms, på Sunnmøre og i Gulen i Sogn.
Kleiva studerte under Per Krohg på Statens Kunstakademi i åra 1955 til 1957. Før det hadde han teke kveldskurs på Bergen Kunst- og Håndverksskole og på Vestlandets Kunstakademi. I 1959 studerte han under Niels Lergaard på Kunstakademiet i København og han studerte også ved Kunstakademiet i Firenze og Kunstakademiet i Stockholm. Frå 1961 til 1965 var han assistent hjå Sigurd Winge.
Kleiva debuterte på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) i 1963 og hadde den fyrste separatutstillinga si året etter på Galleri 27 i Oslo. Sidan hadde han ei lang rekkje separatutstillingar både innanlands og utanlands, og han har og delteke på mange gruppe- og kollektivutstillingar. I tillegg har han stått for utsmykkinga av ei rekkje offentlege og private bygg.
Per Kleiva sin kunst er innkjøpt til desse offentlege samlingane