«Peter Gunn» er kjenningsmelodien for TV-serien Peter Gunn, komponert av Henry Mancini.[1] Songen var opningssporet på det originale filmmusikkalbumet, The Music from Peter Gunn, som kom ut i 1959.[2] Mancini vann ein Emmy Award og to Grammy-prisar for årets album og beste arrangement.[3]
I sjølvbiografien sin, Did They Mention the Music? sa Mancini:
« 'Peter Gunn'-temaet kom meir frå rock and roll enn frå jazz. Eg brukte gitar og piano i samklang, og spelte det som i musikken er ein ostinato, som tyder obsternasig. Dette går att gjennom heile stykket, og gjev ein skummel effekt, med nokre skremande saksofonlydar og skrikande brass. Stykket har berre ein akkord og ei superenkel topplinje.»[4]
Det vart skrive tekst til songen av Jay Livingston og Ray Evans og denne vart først spelt inn i 1964 av Sarah Vaughan i eit arrangement av Bill Holman på albumet hennar Sarah Vaughan Sings the Mancini Songbook.[5] Mancini spelte òg inn ein vokal versjon kalla «Bye Bye» som finst på filmmusikkalbumet hennar Gunn...Number One! frå 1967.[6]
Trompetisten Ray Anthony gav ut den første singelversjonen av songen, på Capitol Records i 1959. Denne var arrangert av Mancini og han hadde med seg tenorsaksofonisten Plas Johnson. Singelen nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 og 12. plassen på R&B-lista.[7]
Songen er blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom anna ein populær versjon av gitaristen Duane Eddy. Innspelinga hans av songen nådde andreplassen på singellista i Australia, sjetteplassen på UK Singles Chart og 27. plassen på Billboard Hot 100 i 1959.[8] Songen finst på albumet Especially for You frå 1959.[9] Innspelinga vrt produsert av Lee Hazlewood og Lester Sill.[10]
Peter Gunn av Duane Eddy frå albumet Especially for You | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | Juni 1959 | |
Innspelt | Mars 1959, Audio Recorders i Phoenix | |
Sjanger | Rockabilly | |
Lengd | 2:23 | |
Selskap | Jamie | |
Komponist | Henry Mancini | |
Tekstforfattar | ingen verdi | |
Låtskrivar(ar) | Henry Mancini | |
Produsent | Lee Hazlewood, Lester Sill | |
Duane Eddy-kronologi | ||
«The Lonely One» (1959) |
Peter Gunn | «Yep!» (1959)
|