Peter Müller | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 6. oktober 1957 (67 år) Adliswil |
Idrett | alpint |
Tok del i | alpine skiing at the 1984 Winter Olympics – men's downhill, Alpint under Vinter-OL 1988 – Utfor menn |
Peter Müller (fødd 6. oktober 1957) frå Adliswil er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Han vart verdsmeister i utfor under VM 1987, og vann fire sølvmedaljar i utfor under to olympiske leikar og to verdsmeisterskap i tida 1984-89. Han vann utforcupen av verdscupen tre gongar; 1979, 1980 og 1982. I verdscupen totalt kom han tre gongar på fjerdeplass; 1982, 1985 og 1986.
Müller var spesialist i fartsøvingane. Mellom februar 1977, då han vann sin første siger, og desember 1988, då han gjekk til topps siste gongen, vann han til saman 24 verdscuprenn. 19 av sigrane kom i utfor, tre i kombinasjonsrenn og to i super-G. 12. desember 1982 vann han det aller første verdscuprennet i super-G-øvinga. Han kom 51 gongar (24-16-11) på pallplass i verdscupen.
Müller la opp som skirennar i 1992.