Peter Pohl | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sverige, Tyskland |
Fødd | 5. desember 1940 (84 år) Hamburg |
Yrke | skribent, barnebokforfattar, foreleser, universitetslærar |
Språk | svensk |
Sjanger | barnelitteratur |
Peter Pohl på Commons |
Peter Pohl (fødd 5. desember 1940) er ein svensk forfattar og lektor. Han vart fødd i Hamburg i Tyskland.
Bøkene hans vert ofte selde og marknadsførte som barne- eller ungdomsbøker, sjølv om han sjølv meiner at bøkene ikkje er retta mot ei særskild aldersgruppe. Bøkene hans handlar ofte om barn som på ulike vis har det vanskeleg og dei inneheld ofte skildringar av liding, sorg og vondskap. Somme kritikarar meiner difor at bøkene hans er alt for dystre for barn.
Dei seks bøkene Regnbågen har bara åtta färger, Vi kallar honom Anna, De Stora Penslarnas lek, Medan regnbågen bleknar, Vilja växa og Klara papper är ett måste utgjer ei romansuite med grunnlag i Pohl sin eigen ungdom. Wiveca Friman har skrive ei doktorgradsavhandling kalla Växandets gestaltning i Peter Pohls romansvit om Micke om denne romansuita.
Jag saknar dig, jag saknar dig! fekk Augustpriset i klassen for barne- og ungdomsbøker i 1992.