Petter Hugsted

Petter Hugsted


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juli 1921
Kongsberg kommune
Død 16. mai 2000 (78 år)
Kongsberg kommune
Idrett skihopping, fotball
Tok del i Skihopping under Vinter-OL 1948
Utmerkingar Sportsjournalistenes statuett

Alf Petter Hugsted (11. juli 192116. mai 2000) var ein norsk skihoppar. Han var både fødd og døydde på Kongsberg.

Hugsted vart olympisk meister i hopp i under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, føre Birger Ruud på sølvplass og Thorleif Schjelderup på bronseplass. Hugsted hoppa 65 meter i fyrste omgang og 70 meter i andre omgang, det lengste hoppet i tevlinga. Alle dei norske medaljane kom etter klart høgre stilkarakterar enn for dei sterkaste, utanlandske konkurrentane. Hugsted fekk 18 og to gongar 18,5 poeng i teljande karakterar for fyrstehoppet og tre gongar 19 for andrehoppet. Finnen Matti Pietikäinen hoppa 69,5 og 69 meter, men tapte totalt 12 stilpoeng i høve til Hugsted og hamna på fjerdeplass i tevlinga. For prestasjonen i OL-bakken vart Hugsted tildelt 'Sportsjournalistenes statuett' for 1948, den aller fyrste som vart utdelt. Han var også med i Ski-VM 1950 i Lake Placid, enda då på sjuandeplass, endå om han var berre femte beste nordmann.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

[endre | endre wikiteksten]
  • 1948: Gullmedalje under OL i St. Moritz. Nr 3 i Holmenkollrennet
  • 1950: Nr 7 i VM i Lake Placid. Nr 3 i Holmenkollrennet
  • 1951: Nr 13 i Holmenkollrennet

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • P. Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo, 1957.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]