Petter Moen (14. februar 1901–8. september 1944) var ein norsk aktuar og motstandsmann frå Drammen.
Far til Moen var lokomotivførar. Sjølv tok han eksamen artium og frå 1920 arbeidde han i forsikringsselskapet Idun i Oslo, etter ei tid i ei aktuar-stilling. Under den tyske okkupasjonen av Noreg tok Moen del i den illegale motstanden, særleg som distributør og produsent av illegale aviser og trykksaker. Frå 1943 hadde han ei sentral rolle i dette arbeidet i Oslo. Etter kvart lukkast Gestapo å rulle opp ulike illegale nettverk og Moen og fleire andre vart arrestert 3. februar 1944. Medan han sat fengsla på politistasjonen Møllergata 19 skreiv Moen dagleg i kode på toalettark som han gøymde, desse kom for ein dag etter krigen var over. Petter Moen vart i september 1944 send til fangenskap i Tyskland med skipet «Westphalen». Han omkom då skipet forliste utanfor Marstrand i Sverige den 8. september.
Petter Moens dagbok kom ut i 1949, og er omsett til fleire språk.