Treng oppdatering |
Petter Stordalen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. november 1962 (62 år) Porsgrunn |
Yrke | kunstsamlar, forretningsdrivande |
Far | Knut Anker Stordalen |
Ektefelle | Gunhild A. Stordalen |
Born | Emilie Stordalen |
Petter Stordalen på Commons |
Petter Anker Stordalen (fødd 29. november 1962 i Porsgrunn) er ein norsk hotelleigar, eigedomsutviklar og investor. Stordalen har eitt års utdanning frå Norsk Kjøpmannsinstitutt, eitt år på Varehandelens høyskole og eitt år på Norges Markedsføringshøyskole.
Han kontrollerer hundre prosent av hotellkjeden Strawberry (tidlegare Choice Hotels Scandinavia), som omfattar 160 hotell i Norden og Baltikum, under merkenamna Comfort, Clarion, Clarion Collection, Quality og Quality Resort. Han er også kjend som som tidlegare deleigar i Steen & Strøm og andre kjøpesenter, som sporadisk miljøaktivist og for forsøket sitt på å overta papirfabrikken Union i Skien i august 2005.
Stordalen fungerte som viseadministrerande direktør i kjøpesenterselskapet Steen & Strøm i perioden 1991–1995 og som administrerende direktør i perioden 1995–1996. Stordalen var styreleiar i Choice Hotels Scandinavia frå 1996 til 1999, konsernsjef frå 1999 til 2006, og igjen styreleiar frå 2006.
I april 2006 vart det kjent at Stordalen og Øystein Stray Spetalen vurderte å kjøpe heile eller delar av den engelske fotballklubben Liverpool FC.
Stordalen er mellom dei rikaste personane i Noreg, og vart i 2008 lista med ein formue på 9,3 milliardar kroner av Kapital.[1] Han er son av tidlegare noregsmeister i bryting, Knut Anker Stordalen.
Stordalen har erklært seg som miljøinvestor. Han har også vist stor interesse for å stoppe dumpinga av slam utanfor Malmøykalven. Sommaren 2007 trassa han og politikar Rune Gerhardsen eit ikkje tilgang-skilt, og gjekk i protest om bord i lekteren der dumpinga skjedde. Dette vart dei seinare politimelde for.