Pierre Le Ber | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 1669 Montreal |
Død |
1. oktober 1707 (38 år) |
Yrke | kunstmålar |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Far | Jacques Le Ber |
Pierre Le Ber på Commons |
Pierre Le Ber (1. januar 1669–1. oktober 1707) var ein velgjerar og målar frå Montreal som var son av Jacques Le Ber og bror til Jeanne Le Ber.
Le Ber var medlem av to av dei rikaste familiane i kolonien. Han brukte rikdommen sin til å vera ein generøs medlem av samfunnet sitt, og grunnla eit almissehus for fattige. Han bidrog til den religiøse ordenen Congrégation de Notre Dame, truleg fordi syster hans, Jeanne, tilhøyrde denne. Han var ein av grunnleggjarane og støttespelarane til dei miskunnsame brørne (Hôpital Général til Charon-brørne).[1]
Le Ber var rekna som ein amatørmålar utan talent medan han levde. I 1965 fekk det såkalla primitive måleriet hans av Marguerite Bourgeoys, som var blitt restaurert i 1963-1964 i New York,[2] ny merksemd frå den kanadiske kunstverda. Oljemåleriet av Marguerite Bourgeoys som ei nær 80 år gamal kvinne som leid i medkjensle med andre er i moderhuset til Congrégation de Notre Dame i Montreal.[2][3] Verket hans markerer han som ein viktig kunstnar i si tid.