Pinnekjøt eller pinnekjøtt er ein matrett av salta og tørka lamme- eller fåreribbe som så blir utvatna natta over (eller lengre, avhengig av kor tørt/salt kjøtet er) og dampkoka på kvistar av bjørk eller eine, eller på ei metallrist.
Det er ikkje uvanleg å småkoke kjøtet i vatn eller grønsakskraft.[1]
I somme delar av landet røykjer ein også lamme- eller sauesida før ho vert tørka. Ein serverer gjerne pinnekjøt saman med kålrabistappe, poteter og flatbrød. På Vestlandet er pinnekjøt ein av dei mest tradisjonelle julemiddagsrettene på julaftan. Somme stader på Vestlandet er det vanleg at pinnekjøtet vert glasert.