Plasmasfære er det indre området av magnetosfæren med høg tettleik av plasma av ionosfærisk opphav. Han ligg over ionosfæren. Den ytre grensa av plasmasfæren vert kalla plasmapausen og ligg der plasmatettleiken fell kraftig.
Plasmasfæren vart oppdaga i 1963 av Don Carpenter.
Tradisjonelt sett har plasmasfæren vorte rekna som kald plasma med partikkelrørsle som er fullstendig dominert av jordmagnetfeltet og derfor roterer i lag med jorda. I nyare tid har ein gjort tettleiksmålingar som ikkje samsvarar med dette. Ein har òg vist at plasmasfæren ikkje alltid roterer i lag med jorda.