Pokaka

For det newzealandske treet kalla pokaka, sjå Elaeocarpus hookerianus.
Pokaka
Pokaka jernbanestasjon, ca. 1924.
Land  New Zealand
Region Manawatū-Whanganui
Distrikt Ruapehu District
Kart
Pokaka
39°17′28″S 175°23′28″E / 39.291°S 175.391°E / -39.291; 175.391
Wikimedia Commons: Pokaka

Pokaka er ein stad i regionen Manawatū-Whanganui sentralt på NordøyaNew Zealand. Han ligg inne i Tongariro nasjonalpark, 12 km sør for National Park Village.

Lasting av tømmer ved Pokaka , ca. 1924

Pokaka hadde tidlegare ein jernbanestasjon på North Island Main Trunk-linja.[1] Stasjonen opna i 1908 og blei mykje brukt til lokalt sagbruk. Han blei stengd for godstog i 1965 og for all trafikk i 1971.

I 1978 blei Taylor Memorial Lodge bygd her av tre tidlegare stasjonshus. I dag blir Pokaka vitja av skular og andre grupper for læring, turgåing, terrengsykling og skigåing.

  1. Scoble, Juliet. «Names & Opening & Closing Dates of Railway Stations in New Zealand 1863 to 2010» (PDF). Rail Heritage Trust of New Zealand. Arkivert frå originalen (PDF) 24. januar 2018.