Pondfield Cove er ei lita vik like aust for Worbarrow Tout og vest for Gad Cliff i Dorset i England. Ho er ein del av verdsarvstaden Jurassic Coast, «Jurakysten».
Vika ligg heilt innanfor Portland- og Purbeckformasjonane. Mykje av sekvensane av purbeck-kalkstein og skifer er synlege i Pondfield Cove.[1] Den vesle landtunga mellom Worbarrow Tout og fastlandet skil Pondfield Cove frå Worbarrow Bay i nord.
Pondfield Cove er berre tilgjengeleg når Lulworth skytefelt er open for ålmenta. Ein kan nå vika langs ein sti frå Tyneham Gwyle nær Tyneham.