Post-prosessuell arkeologi

Post-prosessuell arkeologi er ein arkeologisk teori frå byrjinga av 1980-talet. Då vart fleire og fleire skeptiske til den rådande prosessuelle arkeologien, desse kritikarane representerte ikkje ei heilhetleg retning, men heller eit mangfald av ulike teoretiske retningar som hadde visse felles særtrekk samla under den post-prosessuelle arkeologien. Arkeologar som representerte den post-prosessuelle arkeologien var kritiske til funksjonalismen og det positivistiske vitenskapsidealet, og ville ta meir omsyn til individet i arkeologisk forsking og dei enkelte menneska sine tankar og intensjonar (Olsen 1997:59-62). Det vart poengtert at arkeologien ikkje er lausreve frå det notidige samfunnet. Dei hevda at observasjonar og dataval er påverka av vår teoretiske bakgrunn og samfunnet me lever i (Olsen 1997:61). Det er difor problematisk å skilje ein fortolking av det arkeologiske materialet frå våre observasjonar av det (Helliksen 1994:71). Ulike forskarar kan på grunnlag av det same empiriske materialet formulere heilt forskjellige forklaringsmodellar (Helliksen 1994:83).

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Olsen, B. 1997. Fra ting til tekst Teoretiske perspektiv i arkeologisk forskning. Oslo