Precious Angel av Bob Dylan frå albumet Slow Train Coming | ||
B-side |
«Trouble in Mind» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1979 | |
Innspelt | 1. mai 1979 | |
Studio | Muscle Shoals Sound Studios | |
Sjanger | Rock, gospel | |
Lengd | 6:31 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
Produsent | Jerry Wexler Barry Beckett | |
Bob Dylan-kronologi | ||
«Gotta Serve Somebody» (1979) |
Precious Angel | «Slow Train» (1979)
|
«Precious Angel» er ein song skriven av Bob Dylan og ført gjeven ut på albumet hans Slow Train Coming i 1979. Han kom ut på singel i Nederland.
«Precious Angel» er ein religiøs kjærleikssong.[1] Under ein konsert i Seattle den 14. januar 1980 hevda Dylan at songen var til kvinna som førte han til kristendomen.[1] Teksten inneheld mange referansar til Bibelen.[1][2][3] Temaet i songen verkar å vere henta frå Paulus’ andre brev til korintarane 4:4 til 4:6, der lyset frå Kristus vert sett opp som ein motsats til mørkret til dei som vert ført bak lyset av djevelen.[2]
Musikalsk har «Precious Angel» ein lett reggaestil.[1] Forfattarane Oliver Keys og John Nogowski har særleg trekt fram gitarspelinga til Mark Knopfler på songen.[1][3] Musikkritikaren Michael Gray reknar songen som ein av dei beste på Slow Train Coming.[4]
«Precious Angel» fint på ei rekkje samlealbum av Bob Dylan, inkludert Dylan og Playlist: The Very Best of Bob Dylan '70s.[5] Songen vart spelt på dei fleste konsertane til Dylan i 1979 og 1980, men er ikkje spelt sidan den gongen.[1]