Priestleybreen | |||
isbre | |||
Sideveggen av Priestleybreen i 2013
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 74°20′S 163°22′E / 74.333°S 163.367°E | ||
Lengd | 100 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Priestleybreen 74°20′00″S 163°22′00″E / 74.33333333°S 163.36666667°E | |||
Wikimedia Commons: Priestley Glacier |
Priestleybreen er ein stor dalbre på kring 100 km som startar ved kanten av polarplatået i Victoria Land i Antarktis. Isbreen flyt søraust mellom Deep Freeze og Eisenhower Range og ut i nordenden av Nansenisen.
Han vart først utforska av den nordlege gruppa frå Terra Nova-ekspedisjonen i 1910–13, og kalla opp etter Raymond E. Priestley, som var geolog med den nordlege gruppa.
Priestley Névé er ein firn ved enden av Priestleybreen i Victoria Land. Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) kring 1966 i samband med Priestleybreen.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Priestleybreen» (innhald frå Geographic Names Information System).