Prikkandemat

Prikkandemat
Prikkandemat
Prikkandemat
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Myrkonglefamilien Araceae
Slekt: Storandematslekta Spirodela
Art: Prikkandemat S. punctata
Vitskapleg namn
Spirodela punctata

Prikkandemat (Spirodela punctata) er ei plante i storandematslekta i myrkonglefamilien.[1] Arten kjem frå Sør-Asia og Australia, men er no òg vanleg i USA.[2]

I Noreg er arten ein framandart som truleg er innført som akvarieplante. Arten er førebels berre funnen i Østensjøvannet i Oslo.[2] Arten er ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018.

Morfologisk står arten mellom andematslekta Lemna og storandematslekta Spirodela, og han blir somme tider rekna til ei eiga slekt Landoltia som L. punctata.[2]

  1. «Artsdatabanken: Prikkandemat». Artsdatabanken. Henta 4. april 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 164. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]