Prince Albert Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 76°00′S 161°30′E / 76.000°S 161.500°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Prince Albert Mountains 76°00′S 161°30′E / 76°S 161.5°E | |||
Wikimedia Commons: Transantarctic Mountains |
Prince Albert Mountains er ei stor fjellgruppe i Antarktis med ei lengd på over 320 km. Fjellkjeda ligg i Victoria Land og går frå nord til sør mellom Priestleybreen og Ferrarbreen.[1]
Fjella vart kalla opp etter prins Albert, ektemannen til dronning Victoria av Storbritannia. Sjølv om dei vart oppdaga av sir James Clark Ross den 17. februar 1841, vart dei ikkje utforska før tidleg på 1900-talet, då britiske kartografar kom til området. Dei vart nøye kartlagde av utforskarar frå USA og New Zealand i 1950- og 1960-åra.[1]
Fjellkjeda består av:
Fjell | Høgd (moh) |
---|---|
Mount Mackintosh | 2468 |
Mount Joyce | 1830 |
Mount Billing | 1420 |
Mount Mallis | 1360 |
Mount Priestley | 1100 |