Publius Enigma er ei gåte som blei lagt fram i samband med utgjevinga av Pink Floyd-albumet The Division Bell. Føremålet var å truleg å promotera albumet og turneen som følgde, og gåta blei lagt ut på internett i 1994 av ein person som gjekk under dekknamnet Publius Enigma. Han framsette at Pink Floyd hadde gjeve bodskapen, men spurte om publikum hadde lytta. For den som fann fram til svaret blei det lova ein unik pris. Gjennom ein kortare periode publiserte han ein del leietrådar, utan at nokon fann løysinga. Sjølv om det har blitt føreslått mange løysingar er ingen til nå blitt stadfesta korrekte, og gåta er av 2011 framleis uløyst.
Den 11. juni 1994 publiserte ein anonym brukar følgjande innlegg i Usenet-nyhendegruppa alt.music.pink-floyd:
>>>>>>>> T H E M E S S A G E <<<<<<<< My friends, You have heard the message Pink Floyd has delivered, but have you listened? Perhaps I can be your guide, but I will not solve the enigma for you. All of you must open your minds and communicate with each other, as this is the only way the answers can be revealed. I may help you, but only if obstacles arise. Listen. Read. Think. Communicate. If I don't promise you the answers would you go. Publius
Ein oppfølgjar klargjorde utfordringa:
AS SOME OF YOU HAVE SUSPECTED, "The Division Bell" is not like its predecessors. Although all great music is subject to multiple interpretations, in this case there is a central purpose and a designed solution. For the ingenious person (or group of persons) who recognizes this - and where this information points to - a unique prize has been secreted. How and Where? The Division Bell Listen again Look again As your thoughts will steer you Leading the blind while I stared out the steel in your eyes. Lyrics, artwork and music will take you there
For å visa at han faktisk var ein representant for bandet, kom dette innlegget:
To validate the trust of those who believe, as well as to reconcile the doubt of others, I have gone to great lengths to plan the following display of communication: Monday, July 18 East Rutherford, New Jersey Approximately 10:30pm Flashing white lights. There is an enigma. Trust.
På konserten 18. juli 1994 i East Rutherford viste lysa framfor scenen ENIGMA PUBLIUS, og stadfesta Publius Enigmas idenditet.
Eitt år etter turneen slutta blei nyhendegruppa nedlagt, og Publius Enigma kom aldri tilbake.
Nick Mason stadfesta i april 2005 at gåta framleis eksisterte:
Dette stadfesta utsegnene til Marc Brickman i eit tidlegare intervju: