Pushin' Too Hard Singel av The Seeds frå albumet The Seeds | ||
B-side |
«Out of the Question» | |
---|---|---|
Utgjeve | November 1965 | |
Innspelt | 1965 | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:38 | |
Selskap | GNP Crescendo | |
Låtskrivar(ar) | Sky Saxon | |
Produsent | Sky Saxon, Marcus Tybalt | |
The Seeds-kronologi | ||
«Can't Seem to Make You Mine» (1965) |
Pushin' Too Hard | «Mr. Farmer» (1967)
|
«Pushin' Too Hard», opphavleg kalla «(You're) Pushin' Too Hard», er ein song av den amerikanske rockegruppa The Seeds, skriven av vokalisten Sky Saxon. Innspelinga var produsert av Saxon og Marcus Tybalt og gjeven ut på singel i 1965. Singelen kom ut ein gong til året etter og nådde då 36. plassen på Billboard Hot 100-lista i februar 1967.
Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «dei 500 songane som forma rock and roll». The Seeds framførte «Pushin' Too Hard» i ein episode av situasjonskomedien The Mothers-in-Law i 1968.
Sky Saxon skreiv «Pushin' Too Hard» medan han sat i ein bil og venta på at kjæraste skulle bli ferdig å handle på butikken.[4][5] Tekten kan tolkast som at songaren åtvarrar kjærasten mot å kontrollere han,[6] eller som ein deklamasjon mot samfunnet generelt.[7] Songen består berre av to akkordar gjennom heile songen, og har ein solo på elektrisk piano spelt av Daryl Hooper, og ein gitarsolo av Jan Savage.[8]
The Seeds gav ut «(You're) Pushin' Too Hard» på singel i november 1965.[9] Songen selde opphavleg ikkje godt nok til å gå inn på hitlista, men radiostasjonar i Los Angeles byrja å spele songen mmykje då dei gav ut debutalbumet sitt i april 1966.[10] Singelen vart då gjeven ut på ny i november og songen gjekk inn på Billboard Hot 100 ein månad seinare.[10][11] Songen låg 11 veker inne på lista og nådde 36. plassen i februar.[12][13]
Somme radiostasjonar bannlyste songen, og meinte at tittelen synte til det å selje ulovleg dop.
Allmusic-skribenten Richie Unterberger skreiv at «'Pushin' Too Hard' er ein av songane som vert oftast omtalt når folk prøver å hylle eller rakke ned på garasjerocken i 60-åra, og vert stundom hylla for akkurat dei same årsakene som folk kritiserar han for. Med tida har kritikkbalansen gått meir over i hylling enn nedrakking av songen.»[8] Songen var med på Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968 frå 1972, eit dobbelt samlealbum av amerikansk garasjerock som var med på å inspirere utviklinga av punkrocken i 1970-åra.[14][15] I 1994 tok Rock and Roll Hall of Fame med songen på lista si over «Dei 500 songane som forma rock and roll».[16] Dave Marsh tok songen med i boka The Heart Of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made i 1989.[17] I 2003 publiserte magasinet Q lista «Dei 1001 beste songane gjennom tidene» og plasserte «Pushin' Too Hard» på 486. plassen.[18] Songen vart plassert på 16. plassen på lista til Paste Magazine over dei 50 beste gararsjerocksongane gjennom tidene i 2014.[19]
The Seeds dukka opp som det oppdikta bandet The Warts og framførte «Pushin' Too Hard» i ein episode av situasjonskomedien The Mothers-in-Law i 1968.[20] Songen er med i filmen Air America (1990),[21] 976-Evil II (1992), Wild America (1997),[22] og Easy Rider (2004; utvida utgåve).[23] I den andre sesongen av Lost kalla «The Whole Truth», lyttar Jack og Locke til songen medan Ana Lucia avhøyrer Henry.[24] Songen er med i ein reklamefilm for Nike i 2012 kalla «Game On, World», som hyllar klassiske videospel.[25]
Punkbandet The Vacants spelte inn songen i 1977 på albumet deira «Punk.Rock».[26] Frank Zappa parodierte refrenget på «Pushin' Too Hard» på songen «Sy Borg» på albumet Joe's Garage i 1979.[27] Den brasilianske Jovem Guarda-songaren Wanderléa spelte i 1967 inn ein versjon av songen kalla Vou lhe contar, med portugisisk tekst av Rossini Pinto.[28] Californiabandet Klan gav songen ut som den første singelen sin i 1980.[29] Discosongaren Paul Parker gav ut ein versjon av «Pushin' Too Hard» som B-side singelen «Right On Target» i 1982.[30] Pere Ubu gav ut eit konsertopptak av songen i 1996 i plateboksen Datapanik in Year Zero.[31] The Makers gav ut songen på samlealbumet Shout On!/Hip-Notic i 1997.[32] Garasjerockbandet The Embarrassment gav ut sin versjon av songen i 2001 på albumet deira Blister Pop.[33] The Bangles framførte «Pushin' Too Hard» på konserte-DVD-en Return to Bangleonia - Live in Concert i 2007.[34] Eit konsertopptak frå 1978 av power pop-gruppa The Rubinoos kom ut på samlealbumet Everything You Always Wanted to Know About the Rubinoos i 1978.[35] Sky Saxon spelte inn songen på ny i 2008 for albumet hans The King of Garage Rock.[36] The Residents parodierte songen på albumet Third Reich & Roll.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «(You're) Pushin' Too Hard» | Sky Saxon | 2:38 |
2. | «Out of the Question» | Saxon, Russ Serpent | 2:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Pushin' Too Hard» | Saxon | 2:38 |
2. | «Try to Understand» | Saxon | 2:53 |
Liste (1967) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100[12] | 36 |
U.S. Cash Box Top 100[37] | 40 |
|access-date=
requires |url=
(hjelp)