Qaraoun | |||
landsby | |||
Qaraounsjøen eller Litanisjøen, oppfor Qaraoun i Beqaadalen i Libanon
| |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Beqaa guvernement | ||
Distrikt | Rashaya distrikt | ||
Koordinatar | 33°33′48″N 35°43′19″E / 33.56333°N 35.72194°E | ||
Areal | 14,60 km² | ||
• by | 3,6 km² | ||
Folketal | 7 000 | ||
Qaraoun 33°33′48″N 35°43′19″E / 33.56333333°N 35.72194444°E | |||
Kart som viser Qaraoun.
|
Qaraoun er ei libanesisk landsby i Beqaa guvernement som ligg 85 km frå Beirut. Han er kjend for Qaraounsjøen i Beqaadalen, danna av El Wauroun-dammen bygd i 1959. Landsbyen ligg i Rashaya distrikt sør i Beqaa guvernement.[1] Dammen er bygd over Litanielva.[2]
Qaraoun grensar til Majdel Balhis i aust, Aitanite i vest, Baaloul i nord og Sohmor i sør. Innbyggjartalet i landsbyen er kring 7 000.[1]
Byen har gjeve namn til Qaraoun-kulturen frå yngre steinalder i Beqaadalen som er kjend for tunge flintreiskapar.[3][4] Det er gjort fleire slike funn i området.