Qarnayel | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Baabda distrikt | ||
Koordinatar | 33°51′23″N 35°43′27″E / 33.8565°N 35.7241°E | ||
Qarnayel 33°51′23″N 35°43′27″E / 33.8565°N 35.7241°E | |||
Kart som viser Qarnayel.
|
Qarnayel(arabisk skrift قرنايل) er ein by og kommune i Baabda distrikt (arabisk قضاء بعبدا) i Libanon, og ein del av Libanonfjella guvernement (arabisk محافظة جبل لبنان). Landsbyen ligg 1100–1250 meter over havet i vestsida av Libanonfjella, i øvre Matn distrikt (Al Matn al A'la) (arabisk المتن الأعلى), 36 km aust for Beirut. Landsbyen har nesten 4 500 innbyggjarar.
Hovudattraksjonen i Qarnayel er den vene naturen og panoramautsikta til dei vestlege delane av el Matn, og glimt av Beirut og Middelhavet. Det ligg mange grotter i dei bratte furukledde fjellsidene.