Rab Noakes | |||
Rab Noakes i Glasgow | |||
Fødd | 13. mai 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | St Andrews i Skottland | ||
Død | 11. november 2022 | ||
Fødenamn | Robert Noakes | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970 til i dag | ||
Sjanger | Folk, country | ||
Instrument | vokal, gitar, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Gerry Rafferty | ||
Plateselskap | Neon Media production | ||
Verka som | Songar-låtskrivar, musikar, plateprodusent |
Rab Noakes (13. mai 1947–11. november 2022) var ein skotsk songar-låtskrivar, fødd som Robert Noakes.
Han spelte med Lindisfarne, som spelte songen hans «Turn a Deaf Ear» på debutalbumet sitt Nicely Out of Tune, og «Together Forever» på det andre albumet, Fog on the Tyne. Barbara Dickson spelte òg inn «Turn a Deaf Ear» på albumet sitt Do Right Woman, der Noakes òg spelte.
Noakes song korvokal og spelte gitar på det debutalbumet til Gerry Rafferty, Can I Have My Money Back, og var eit tidleg medlem i Stealers Wheel, men slutta i bandet før dei spelte inn det første albumet sitt.[1]
Den mest kjende innspelinga til Noakes var «Branch», som vart gjeven ut som singel sommaren 1974 frå albumet hans, Red Pump Special. Songen vart mykje spelt på BBC Radio 1, men selde heller dårleg.
Albuma Restless (1978), Rab Noakes (1980) og Under the Rain (1984) følgde, men så tok det ti år før Standing Up kom ut i 1994.[1] Noakes turnerte så med the Varaflames, i lag med Pick Withers, Rod Clements og munnspelspelaren Fraser Speirs.
Noakes vart produsent for musikkprogram på BBC Radio Scotland. Han slutta der for å skipe produksjonsselskapet Neon.[1] I november 2007 gav han ut albumet Unlimited Mileage, igjen med the Varaflames.
Dato | Artist | Selskap | Kat. # | Namn |
1970 | Rab Noakes | Decca | SKL 5061 | Do You See The Lights? |
1972 | Rab Noakes | A&M | AMLS 68119 | Rab Noakes |
1974 | Rab Noakes | Warner Brothers | BS 2777 | Red Pump Special |
1975 | Rab Noakes | Warner Brothers | K56114 | Never Too Late |
1978 | Rab Noakes | Ring O'Records | 2339 201 | Restless |
1980 | Rab Noakes | MCA | MCAC 3251 | Rab Noakes |
1984 | Rab Noakes | Black Crow | (CD)CRO 207 | Under The Rain |
1988 | Black Crow | (CD)CRO 217 | Woody Lives! | |
1995 | Rab Noakes | Mediart Music | MDMCD 003 | Standing Up |
2000 | The Varaflames | Neon | NEONCD001 | Throwing Shapes |
2001 | Rab Noakes With Fraser Speirs | Neon | NEONCD002 | Lights Back On |
2002 | Rab Noakes | Neon | NEONCD004 | Demos And Rarities Volume 1 |
2004 | Rab Noakes | River Records | RIVERCD003 | The River Sessions |
2004 | The Varaflames | River Records | RIVERCD042 | Throwing Shapes |
2013 | Rab Noakes | Neon | NEONCD014 | Demos And Rarities Volume 2 Adventures with Gerry Rafferty |