Radka Toneff Minnepris er ei norsk utmerking som blir delt ut annakvart år til ein individuell utøvar som verker i ånda til musikaren Radka Toneff. Han er forvalta av Radka Toneff Minnefond.
Prisen byggker på royalty-inntekter frå Toneff sine to albume Fairytales (1982) og Live in Hamburg (1993) på Odin Records. Per 2017 var han på 100 000 norske kroner.[1]
Utdelinga fann stad ved Moldejazz fram til 2007.[2] Dei seinare åra har prisen blitt utdelt på Victoria Nasjonal jazzscene.
- ↑ 1,0 1,1 «Kirsti Huke får Radka Toneff Minnepris» (på norsk bokmål). 20. februar 2018. Henta 23. februar 2018.
- ↑ «Radka Toneff-pris i Molde». Ballade.no. 17. juli 2007. Arkivert frå originalen 19. august 2012. Henta 27. november 2015.
- ↑ «Eldbjørg fikk Radkas minnepris» Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine., rbnett.no, 19. juli 2011. Besøkt 19. juli 2011.
- ↑ ««Radka-pris til Hanne - Hanne Hukkelberg får Radka Toneffs Minnepris for 2013»». Dagbladet. 19. juli 2011. Henta 27. november 2015.
- ↑ «Radka Toneff Minnepris til Susanna». JazzINorge.no. 27. november 2015. Henta 27. november 2015.