Raggmure | |
Raggmure | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Rosoideae |
Stamme: | Potentilleae |
Understamme: | Potentillinae |
Slekt: | Mureslekta Potentilla |
Art: | Raggmure P. hyparctica |
Vitskapleg namn | |
Potentilla hyparctica |
Raggmure (Potentilla hyparctica) er ein fleirårig plante i mureslekta i Rosefamilien.
Planten er nokre cm høg og dannar tette tuver med gule blomstar med fem kronblad. Rosettblada er trekopla og spreidd håra på undersida.
Raggmure veks på fuktige stader der snøen ligg lenge, og er vanleg over heile Svalbard. Elles veks han sirkumpolært.