Rameh | |||
רָמָה, ראמה, الرامه, Rame, al-Rama | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Høgtliggande[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°56′21.3″N 35°22′1.61″E / 32.939250°N 35.3671139°E | ||
Areal | 6,12 km² | ||
Folketal | 7 500 (2005) | ||
Folketettleik | 1 225 / km² | ||
![]() Rameh 32°56′21″N 35°22′02″E / 32.93925°N 35.367113888889°E | |||
Wikimedia Commons: Rameh |
Rameh (arabisk الرامة, hebraisk רָמָה; òg ar-Rame eller ar-Rama) er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel. Han ligg aust for Bi'ina og Karmiel.
Edward Robinson identifiserte Rameh som den gamle Ramah i Asher (Josva 19:29) og synte til plasseringa og dei gamle sarkofagane som vart oppdaga på ein ås utafor landsbyen.[2] Rameh var ein stor by under styret til krossfararar.
Landsbyen ligg på ein gammal stad, på ein ås over ei slette. I aust ligg ruinar av romerske bad, datert til 100- til 300-talet, og oljepresser frå same periode. Sør og søraust for landsbyen ligg gamle fundament, mellom anna med ein arameisk inskripsjon på ein dekkstein, som indikerer at det var ei synagoge frå 200- eller 300-talet. Nordaust for det romerske badet ligg ruinane av ein stor basilika. Denne vart graven ut i 1972 og der funne fundament for særs store søyler, i tillegg til polykrom mosaikk som syner dyre- og planteliv.[3]
I 1517 vart Rameh, i lag med resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket etter han vart erobra frå mamelukkane, og i 1596 var han ein del av Akka nahiya, (Safad [liwa]]), med eit folketal på 96 hushaldningar, alle muslimar. Han betalte skattar av «spesiell avling» kalla «dulab harir», geiter, bikubar og ei presse for anten oliven eller druer.[4]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870-åra, og noterte seg 800 innbyggjarar, halvparten kristne og halvparten drusarar.[5] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som «ein landsby, bygd av stein, av godt materiale, med eit gresk kapell og kring 600 kristne og 500 drusarar; han ligg på ei slette, med store olivenlundar, hagar og vindruer, fem kjelder renn nær landsbyen og han har fleire cisterner.»[6]
Han var ein av dei største landsbyane i Galilea under Det osmanske riket. I 1923 vart Rameh den første landsbyen i Palestina som fekk sjølvstyrestatus av Det britiske mandatet og hadde dei største olivenlundane i området. Han fekk løyve til å styre seg sjølv som ein landsbykommune.[7]
I folketeljinga i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Al Rameh i alt 847 innbyggjarar, 28 muslimar, 624 kristne og 195 drusarar.[8] Dette hadde auka i 1931 til 254 hus med i alt 1142 innbyggjarar. Av desse var 70 muslimar, 746 kristne og 326 drusarar.[9]
I 1945 hadde Er Rama eit folketal på 1 690, alle arabarar, med 24 516 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 8 310 dekar var plantasjar og irrigert land, 3 078 nytta for korn,[11] medan 56 dekar vart utbygd land.[12]
Landsbyen vart erobra av Haganah-styrkar i 1948 og vart ein del av Israel. Han fekk lokal kommunestatus i 1954.
I dag er 51 % av innbyggjarane i Rameh kristne, 29 % er drusarar og 20 % er muslimar.