Ramsey Island Lokalt namn Ynys Dewi | |
---|---|
![]() Ramsey Island og Whitesands Bay frå nord på Porth Lleuog | |
Geografi | |
Stad | St Brides Bay |
Koordinatar | 51°52′00″N 5°20′20″W / 51.866667°N 5.338889°W |
Øygruppe | Shetlandsøyane
|
Høgaste punkt | 136 moh. |
Administrasjon | |
Land | Wales |
Hovudområde | Pembrokeshire
|
Demografi | |
Folketal | 2
|
Ramsey Island (walisisk Ynys Dewi) er ei øy om lag 1 km utanfor kysten av St David's-halvøya i Pembrokeshire på nordsida av St Brides Bay, sørvest i Wales.
Den walisiske øya er kalla opp etter St. David (Dewi Sant), vernehelgenen til Wales. Her budde bekjennaren St. Justinian. Den næraste byen er St David's.
Ramsey Island er kring 3 km lang og det høgaste punktet på øya ligg 136 meter over havet. Ho er den tredje største øya i Wales etter Anglesey og Holy Island.[1]
Meini Duon (tyder 'svarte skjer') er namnet på tre skjer sør for Ramsey Island.
Trwynmynachdy er eit skjer sørvest for øya. Namet tyder noko slikt som ‘klosternes’ eller ‘munkenes’.[2]
Øya er eigd av RSPB, og har nokre flotte fugleklipper, flotte kystlandskap og lyngheier. Ramsey har den viktigaste gråselkolonien i det sørlege Storbritannia og er ein av dei beste stadane i Wales der ein kan sjå alpekråke.
Andre hekkande fugleartar er mellom anna ramn, musvåk, vandrefalk, steinskvett, måse, alke, havlire og lomvi.
Det bur berre to personar på øya, oppsynsmannen for naturreservatet og kona hans. Det går turistbåtar ti og rundt øya frå påske og ut oktober.