Ras Al Khor | |||
رأس الخور | |||
viltreservat | |||
Ein av tre fuglekikkingsstader i Ras al Khor fuglereservat
| |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Emirat | Dubai | ||
Koordinatar | 25°11′44″N 55°20′38″E / 25.19562°N 55.34380°E | ||
Areal | 13 km² | ||
Ras al Khor 25°11′44″N 55°20′38″E / 25.195619444444°N 55.3438°E | |||
Kart som viser Ras al Khor.
| |||
Wikimedia Commons: Ras Al-Khor, Dubai | |||
Nettstad: http://www.wildlife.ae |
Ras Al Khor viltreservat (arabisk رأس الخور) ligg i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata og er eit våtmarksområde som er kvilestad for store mengder trekkfugl. Her finst òg mange krepsdyr, små pattedyr og fisk.
Ras Al Khor viltreservat representerer ein enklave av relativ villmark mellom eit virvar av trafikk og urban infrastruktur. Det er eit av få urbane verneområde i verda.
Dubai kommune har gjort mykje for å verne og bevare det biologiske mangfaldet i dette skjøre økosystemet. Våtmarksområdet er gjerda inn for å halde folk ute og det er bygd tre skjulestader der ein kan kikke på fugl.
Kring 500 rosenflamingoar held til i Ras Al Khor.
Somme av artane som regelmessig vitjar viltreservatet er: