Raudfjorden er ein fjord på nordkysten av Spitsbergen på Svalbard. Han er om lag 22 km lang, 3-7 km brei. Inst er han delt i to av Buchananhalvøya, som stikk ut i fjorden mellom to brear, Chauveaubreen som fell ut i Ayerfjorden og Raudfjordbreen som fell ut i Klinckowströmfjorden.