Real Cool World Singel av David Bowie frå albumet Songs from the Cool World | ||
A-side |
«Real Cool World» (Edit) | |
---|---|---|
B-side |
«Real Cool World» (Instrumental) | |
Utgjeve | 10. august 1992 | |
Innspelt | 38 Fresh (original recording), Los Angeles; Mountain Studios, Montreux; Hit Factory, New York City, June/July 1992 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:15 | |
Selskap | Warner Bros. W0127 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | Nile Rodgers | |
David Bowie-kronologi | ||
«Fame '90» (1990) |
Real Cool World | «Jump They Say» (1993)
|
«Real Cool World» er ein song frå filmmusikken til filmen Cool World, framført av David Bowie. Han kom ut 10. august 1992 og var det første nye solomaterialet til Bowie etter at Tin Machine vart oppløyst.
Songen var første gong Bowie arbeidde med produsent Nile Rodgers sidan Let's Dance. Samarbeidet deira resulterte i albumet Black Tie White Noise i 1993[1][2] og songen var det første resultatet av det eitt år lange samarbeidet.[1]
«Real Cool World» vart gjeven ut med mange forskjellige miksar og det vart laga ein musikkvideo med klipp frå Cool World. Singelen nådde berre 53. plassen på den britiske singellista.
«Real Cool World» vart seinare gjeven ut som eit bonusspor på Black Tie White Noise og som ein digital singel i juni 2010.[2]
Alle songane skrivne av Bowie
Liste (1992) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] | 30 |
Tyskland (Media Control AG)[4] | 83 |
Nederland (Mega Single Top 100)[5] | 27 |
Sverige (Sverigetopplistan)[6] | 26 |
UK Singles (Official Charts Company)[7] | 53 |