Real Life av Simple Minds

Real Life
Studioalbum av Simple Minds
Utgjeve 8. april 1991
Innspelt 1990–1991
Studio Bonny Wee, Wisseloord, A&M, Maison Rouge, Ca Va og Townhouse Studios
Sjanger poprock
Lengd 52:15
Selskap
Produsent Stephen Lipson
Simple Minds-kronologi 
Street Fighting Years
(1989)
Real Life Good News from the Next World
(1995)


Singlar frå Real Life
  1. «Let There Be Love»
    Utgjeve: Mars 1991
  2. «See the Lights»
    Utgjeve: Mai 1991
  3. «Stand By Love»
    Utgjeve: August 1991
  4. «Real Life»
    Utgjeve: Oktober 1991
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Martin C. Strong5/10[2]
Rolling Stone2/5 stars[3]

Real Life er det niande studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i april 1991.[4] Det var det første Simple Minds-albumet spelt inn utan klaverspelaren og det originale bandmedlemmet Mick MacNeil, som slutta i bandet kort tid etter den førre turneen var over i 1990. Kjernen i bandet på dette albumet bestod berre av Jim Kerr, Charlie Burchill og Mel Gaynor, medan resten av musikarane var studiomusikarar.

Albumet inneheld fleire songar som er omarbeidingar av eldre materiale eller som vart omarbeidd til nye songar på seinare utgjevingar. «Let the Children Speak» er basert på den instrumentale «Theme for Great Cities» frå Sister Feelings Call frå 1981. Ei nyinnspeling av stykket, kalla «Theme for Great Cities '91» kom ut som B-sida til singelen «See the Lights». «Travelling Man» liknar på songen «Waterfront» frå Sparkle in the Rain frå 1983. «When Two Worlds Collide» er basert på tittelsporet og det same er songen «And the Band Played On» frå 1995, som kom ut på det neste albumet, Good News from the Next World. «Women and Ghosts» er ein omarbeidd instrumentalversjon av tittelsporet.

Albumet nådde andreplassen på den britiske albumlista,[5] og 74. plassen i USA. Det vart gjeve ut fire singlar som alle vart topp 40-hittar i Storbritannia, mellom anna «Let There Be Love», som nådde topp 10. I USA nådde «See the Lights» topp 40 og gjekk til topps på den amerikanske Modern Rock Tracks-lista.[6]

Virgin gav ut ei ommastra utgåve av plata i 2002 og 2003. Desse utgåvene hadde ein lengre miks av «Let There Be Love», som ikkje finst på den originale utgjevinga, sjølv om dette ikkje er nemnt i plateomslaget.

Alle songar er skrivne av Burchill og Kerr; utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Real Life» 4:53
2.«See the Lights» 4:22
3.«Let There Be Love» 4:57
4.«Woman»Burchill, Kerr, Lipson4:40
5.«Stand By Love» 4:04
6.«Let the Children Speak» 4:16
7.«African Skies» 4:52
8.«Ghostrider» 3:22
9.«Banging on the Door (Intro)» 1:16
10.«Banging on the Door» 4:22
11.«Travelling Man»Burchill, Kerr, Lipson3:34
12.«Rivers of Ice»Iain MacLachlan, Simple Minds3:30
13.«When Two Worlds Collide» 4:01

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Simple Minds
Andre medverkande

Teknisk
  • Dougie Cowan – teknisk master
  • Giles Cowley – miksing, mikseassistent
  • Tony Donald – utstyrskoordinator, utstyrsteknikar
  • Simon Fowler – kunstnarisk leiar, design, fotografi, stylist
  • Efren Herrera – lydteknikar
  • Simon Heyworth – mastering
  • Ted Jensen – mastering
  • Paul Kerr – logistikk
  • Will Malone – orkestrering, orkesterarrangement
  • Heff Moraes – lydteknikar, MIDI-lydteknikar, MIDI-manager
  • Stylorouge – kunstnarisk leiar, design
  • Gary Thomas – lydteknikar
  • Au Yeung, Ying Ho – catering
  • Jane Ventom – A&R

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering Sertifisering
1991 UK Albums Chart 2 Platina[7]
US Billboard 200 74 -

Singlar

Singel Liste (1991) Plassering
«Let There Be Love» UK Singles Chart 6
«See the Lights» UK Singles Chart 20
US Billboard Hot 100 40
US Modern Rock Tracks 1
US Billboard Mainstream Rock 10
«Stand By Love» UK Singles Chart 13
US Modern Rock Tracks 4
«Real Life» UK Singles Chart 34

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[8] 2× Gull 0*
Tyskland (BVMI)[9] Gull 250 000^
Italia (FIMI)[10] 3× Gull 300,000*
Nederland (NVPI)[11] Gull 50 000^
Spania(PROMUSICAE)[12] Gull 50 000^
Sverige (GLF)[13] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[14] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[15] Platina 300 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. Henderson, Alex. Real Life av Simple MindsAllmusic. Henta 10. september 2020.
  2. The Essential Rock Discography – Volume 1. 2006. s. 970. 
  3. Evans, Paul (13. juni 1991). «Simple Minds: Real Life». Rolling Stone (Straight Arrow) (RS 606). ISSN 0035-791X. Arkivert frå originalen 6. mai 2007. 
  4. «Real Life». simple-minds.demon.co.uk. Arkivert frå originalen 5. april 1997. 
  5. «Real Life». Official Charts Company. Henta 10. september 2020. 
  6. Real Life av Simple MindsAllmusic. Henta 10. september 2020.
  7. BPI Certifications Database, arkivert frå originalen 10. juli 2017, henta 10. september 2020 
  8. «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 6. september 2020. 
  9. «Gold-/Platin-Datenbank (Simple Minds; 'Real Life')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 6. september 2020. 
  10. «Simply Gilded» (PDF). Music & Media. 26. oktober 1991. s. 7. Henta 25. juli 2019. 
  11. «Dutch album salstrofé – Simple Minds – Real Life» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 6. september 2020. 
  12. «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392. 
  13. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. Henta 6. september 2020. 
  14. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Simple Minds; 'Real Life')». Hung Medien. Henta 6. september 2020. 
  15. «British album salstrofé – Simple Minds – Real Life». British Phonographic Industry. Henta 6. september 2020.  Enter Real Life in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go